Go back


MANNBJØNNEN: Ei dyrehistorie utan sidestykke
Av Bernt Gudrunson Bøe

Han vart også tillagt overanturlege evner: Ein kveld Tølløv var i Fiskjaslia, kom det ein forferdeleg stygg skapning, eit reint «ufreskje», inn døra. Skyttaren reiste seg, las ei mystisk regle - og skrømtet seig bort i mørkret att. Slik er det sagt.

Det ligg eit drag av eventyr omkring Tølløv, ein mystisk glorie. Og jakta på Mannbjønnen har alle ingrediensar til ein thriller av dei store: Her er ein uhyggeleg «skurk» - bjørnen som hensynslaus og slu mordar. Her er mystikk og uforklarleg trolldom. Her er den suverene helten – smart, modig og stø på avtrekkaren. Men her duger ikkje vanleg bly – berre sølvkuler!

Så rart den enn hørest: Historieskribenten John J. Tørset påstod at Skyttar-Tølløv aldri hadde si sjølveigande rifle, men alltid lånte seg våpen! - Den bedste rifle, og tillige den han mest brugte, var fra gaarden Storhalt oppe ved Meldalsgændsen, skriv Tørset (1899) og siterer Tølløv: «Det e’ naar e he Storhaltrefla at e lit paa me!»

mannbjønn børsa

Bjørnejakta ved Hjelmen

Så var det kanskje Storholt-rifla han bruka da han fann bjørnen som låg og sov oppmed Hjelmen den sommarmorgonen i 1776. Vi gir ordet til folketradisjon og anekdoter:

Først går Tølløv i ring rundt steinen der bjørnen ligg – sikkert tre gonger, så magien i «trollringen» får full kraft. Så tek han fram sølvkula han skal ha laga av ein knapp frå kyrkjeskjorta eller brystduken sin og legg den framom blykula i børseløpet.

Men sjøl på ein slik dag følgjer han den uskrivne lova at ingen tek liv medan det søv. Han ropar så det ljøar mellom fjella: - Høy, gut! No må du vakn opp – så ska du få morgosdrammen din!   Og litt etter: - Ja, e no du ferdig no, så e no eg ferdig!

Bamsen vaknar og kjem settande mot dei to jegerane. Kameraten skyt først, slik dei har avtala. Men bamsen dett ikkje. Er det bom? Er det skamskot? Eller er det blyet som ikkje bit på trolldyret?

Bjørnen stemner beint mot dei. Men – det seier segna: Idet han kjem fram til trollringen, kjem han seg ikkje lenger. Han stoppar og blir ståande på bakføtene og brøle med vidopen kjeft!

Da er det meisterskyttaren løftar flintlåsbørsa med sølvladninga. Det smell – og det er som dvergmålet av sølvskotet ikkje vil ta ende der det rullar innover fjellheimen. Eit skjebnesekund står bjørnen stiv og still – før han ramlar i hop på marka. Sjølvaste Mannbjønnen har endt sitt blodige liv.

Skrotten blir dregen ned til Sollia. Han er forresten ikkje så stor – Tølløv sjøl skal ha sagt at det var «berre ein mager, gammel tufs tå ein bjønn». Men da han blir flådd, finn dei ikkje mindre enn sju kuler i han. Det har altså vore skote på han før – utan nytte: «Paa saadanne Biørne bider ingen Kugler»!

kulestøypar utstyret til mannbjønn børsa

Noko av det frodigaste folkefantasien har henta fram, er likevel det som Hovlik Henden seinare herma etter folket på Henda – det var deira Gjertrud Larsdotter som døydde i bjørneklørne: - Mellom hold og skinn på han fann dei ei beltereim med kniv og slire!

I tråd med tru og skikk vart bjørneskinnet delt og plassert i kyrkjene der dei fem døde var gravlagde – i Stangvik, Halsa og Aure. I Stangvika brann kyrkja, og dermed skinnet, alt seks år seinare – hausten 1783. Folk som gjekk for presten i 1860-åra hugsa nokre grå skinnrestar bak altaret i Halsa-kyrkja. Og Olav Waagsand, som var konfirmant i Aure-kyrkja i 1890-åra, fortalte meg personleg at han såg ein skinnrave av Mannbjønnen - som fotmatte i preikestolen der.


© Bernt Gudrunson Bøe. Historien er skrevet i Årbok for Kristiansund og Nordmøre Turistforening 2015

s8

side 1     side 2     side 3     side 4     side 5     side 6     side 7     side 8     side 9     side 10